Den 05.05.2012 02:55, skreiv Thomas Nygreen:
On 2012 5 4 23:39, "Kolbjørn Stuestøl" <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no> wrote:
Den 04.05.2012 20:24, skreiv Axel Bojer:
Man kan også legge til -verktøy og droppe «fri», hvis man vil
skille det
fra andre og lignende funksjoner. F.eks. blir det da:
Forvrengningsverktøy
Det er frå før ei heil gruppe såkalla filter i gruppa
«Forvrengningar». («Filter» er vel i grunnen ei form for verktøy det også).
For å skille litt frå dette, burde ein kanskje bruke «deformering»
eller «formendring». Treng etter mi vurdering ikkje ta med «fri».
Som Kevin Brubeck Unhammer peika på tidlegare, kjem det eit «unified transformation tool», så det er lurt at navnet ikkje er så generelt som «forvrengningsverktøyet». Eg synst òg det er eit poeng med «fri», for å skilje det frå dei verktyga som finst allereie. Eg likar «formendring» som stamme. Kva med «fri formendring»?
-thomas
«Fri formendring» er etter mitt syn det beste forslaget til nå. Det speglar nokså godt kva verktøyet gjer og er ikkje negativt lada slik som deformering o.l. Du har eit poeng i argumentasjonen for «fri», sjølv om eg ikkje heilt ser problemet.
For dei som ikkje kjenner GIMP: Dei andre verktøya i denne gruppa (transformeringsverktøya), er i verktøymenyen kalla «Roter», «Skaler», «Forskyv», «Perspektiv» og «Spegelvend». I forklaringane har dei fått tilføyd «ingsverktøyet», altså «Roteringsverktøyet» osv. (Ser at eg har gløymd å korrigere dette for spegelvendinga). Filtergruppa som inneheld verktøy for å deformere bildet er kalla «Forvrengningar».
Mange av uttrykka og namna er komne fram etter diskusjonar m.a. her i dette forumet. I nynorskomsetjinga har eg i tillegg prøvd å følgje fellesordlista mest mogleg.
Helsing Kolbjørn