Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Torsdag 8. november 2001 14:08 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Einig. Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Ja, ver så god. Eg har alt ei mental hugseliste over ting eg skal retta opp, men fint om du kan halda ved like ei liste.
Det var visst ikkje så mykje som eg trudde.
http://www.ifi.uio.no/~kjetilho/konsistens.html
Send meg rettingar om eg har misforstått diskusjonen :)
(forresten var det veldig vanskeleg å skriva a-infinitiv for første gong -- det er vel ei vanesak)
Når http://i18n.skulelinux.no/ er operativ (ventar berre på at dei med root-tilgang skal setja opp Apache), kan lista gjerne leggjast ut der.
Høyrest ut som ein fin ting.
Kjetil T.