Dan Åsen Hansen skreiv 20.06.2020 20:04:
Bare hyggelig :)
I hvilken sammenheng skal det brukes?
Det er snakk om programmet digiKam. Det er eit flott program for organisering, redigering og deling av bilete (digitale foto). I programmet er det ein funksjon der ein kan gruppera bilete, og der kan ein blant anna gruppera bileta etter serieopptak, slik at alle bilete innan eit serieopptak vert viste som eitt bilete.
Eg held så smått på med å omsetja digiKam til nynorsk for tida. Ein ny storversjon er planlagt til juli i år. Men det er eit «monsterprogram», med nesten 8 000 (til dels lange og/eller tekniske) tekstar som skal omsetjast, og eg har ikkje veldig mykje tid å bruka, så omsetjinga vert nok ikkje ferdig til juliversjonen.