Eg har tenkt å byrja bidra til ordlistene/stavekontrollen, men eg har eg eit spørsmål. Burde ikkje ordlistene som er utvikla ved Universitetet i Oslo vera tilgjengelege? Då prøvde å finna utav dette i 2001, skreiv Christian-Emil Ore ved UIO dette til meg:
Vi jobber med basisressurser både for bokmål og nynorsk. Vi har databaser over 100 000 nynorskord med bøyningsmønstre egnet for datamaskiner. For tiden jobber Oddmund Vestenfor med å påføre 2000-rettskrivingen på dette materialet. Men vi trenger mer penger til å holde ham i drift. Basisressursene vil være de mest kostbare å framstille. Når jobben er gjort, er vår intensjon å legge listene ut til glede for alle og her mener jeg alle.
Det er for ille at ein skal måtta gjera dette arbeidet på nytt når staten alt har betalt for å få det gjort.
Så ei kommentar om filformatet. Det ser ut til at tabellen over bøyingsformer ikkje er komplett, og heller ikkje heilt rett.
Adjektiv i positiv, determinativ og perfektum partisipp av verb har samsvarsbøying med fire gjensidig utelukkande former, nemleg hankjønn, hokjønn, inkjekjønn og fleirtal. Nokre døme:
hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal adj stor stor stort store adj liten lita lite (småe) det min mi mitt mine det annan anna anna andre det nokon noka noko nokre det eigen eiga eige eigne pp lesen lesen lese lesne pp kjøpt kjøpt kjøpt kjøpte
Adjektiva har i tilleg ei bunden form som normalt fell saman med fleirtalsforma: store bilar, den store bilen, men: småe bilar, den litle bilen. Det siste kjem av blanda bøying med dei to adjektiva liten og små, så det kan me sjå bort frå.
Adjektiv i komparativ har berre ei form: større bilar
Adjektiv i superlativ har to former: ubunden og bunden. Døme:
ubunden bunden størst største
I Norsk referansegrammatikk blir tradisjonelle adverb med samsvarsbøying rekna til adjektiva, og adverba er såleis ubøyelege. Til dømes bør "fort" difor reknast som eit adjektiv med berre inkjekjønnsform i positiv, og ikkje som eit adverb.
Verba har i tillegg til dei nemnde formene ei form som heiter presens partisipp, til dømes "ståande" av "å stå". Nokre av desse er førte opp som adjektiv i ordlista, medan andre berre finst som verbformer. I Norsk referansegrammatikk blir alle desse formene rekna til adjektiva, så det er vel det me bør satsa på. Desse adjektiva er ubøyelege både i kjønn/tal og grad.
Presens partisipp blir rekna som ei adjektivistisk verbform (eller då som adjektiv i NRG). Stoda for perfektum partisipp er liknande, men her har NRG vald å la dei stå under verba trass i at dei har bøying i kjønn og tal slik som vanlege adjektiv. Det vil seia at me må innføra bøyingsformene hankjønn, hokjønn, inkjekjønn og fleirtal for verba, og desse skal då berre brukast saman med perfektum partisipp. Hankjønn og hokjønn vil alltid vera samanfallande, så her kan me forenkla litt. I bokmål vil faktisk inkjekjønnsforma òg alltid falla saman med hankjønn og hokjønn, så der held det med eintal/fleirtal
Personlege pronomen bøyer me i kasus, dvs nominativ og akussativ, betre kjend som subjektform og objektform. Dei personlege pronomena er det ikkje så mange av, så her listar eg opp nesten alle saman (i nynorsk):
nom akk eg meg du deg han honom/han ho henne/ho det det me/vi oss de dykk dei dei
Dersom eg no ikkje har rota det til, burde bøyingstabellen sjå slik ut:
ordklasse bøyingsform substantiv entall/flertall, ubestemt/bestemt, nominativ/genitiv egennavn nominativ/genitiv adjektiv positiv/komparativ/superlativ, ubestemt/bestemt (i positiv og superlativ), hankjønn/hunkjønn/intetkjønn/flertall (i positiv ubestemt) adverb (ubøyelig) verb infinitiv/presens/preteritum/ perfektum partisipp/imperativ/passiv, entall/fleirtall (i nb perfektum partisipp), han-hunkjønn/intetkjønn/flertall (i nn perfektum partisipp) pronomen nominativ/akussativ determinativ hankjønn/hunkjønn/intetkjønn/flertall preposisjon (ubøyelig) konjunksjon (ubøyelig) subjunksjon (ubøyelig) interjeksjon (ubøyelig)
Nominativ/genitiv trur eg er feil ord, men eg har ikkje noko betre her og no.
Erik