Eg ser at i bokmålsomsettingane er «rating» i Nepomuk-samanheng hyppig omsett «rangering». Dette er feil. Det er ikkje snakk om å rangera ting (som i første, andre og tredje plass); det er snakk om å gje for eksempel ei MP3-fil eller eit bilde ein kvalitetskarakter, for eksempel frå 1 til 5 stjerner.
I nynorskomsettinga har eg brukt uttrykket «karakter» og «gje karakter» for dette, og eg anbefalar de gjer det same på bokmål.