må 06 aug 2001 16:39:37, Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com:
TuxType *er* mulig å setja om, men all tekst er lagra som grafikk (med unntak av orda ein skal tasta inn). Eg skal sjå nærare på dette, og kjem tilbake med rapport seinare.
Ja, det ser ut til at eventuell ei omsetjing til norsk vil gå bra. Det einaste problemet er at me ikkje kan ha med orda som inneheld æ, ø eller å ...
Er det forresten nokon som veit kva skrift som er brukt i spelet? (Men det er ikkje nødvendig å bruka same skrift. Den franske språkpakken gjer det ikkje.)