Kjetil Torgrim Homme skreiv 18. sep. 2016 20:40:
vi er også registrar for alle Skulelinux-domena, så koordinere endring i DNS er ei smal sak. poenget mitt er at det ikkje ville vere noko problem å flytte aliaset i18n.skulelinux.no til denne VM-en om det skulle vere ønskje om det.
Supert. I grunnen er det kanskje like greitt å fjerna dei fleste sidene på i18n.skulelinux.no; dei ser ikkje ut til at dei har blitt oppdatert på 10+ år, og mykje av informasjonen synest utdatert. Det som bør vera med på ein eventuell ny/oppdatert nettstad, er
– Dei språklege retningslinjene våre: http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html – Fellesordlista: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html – Oversikta over namn på språk og land: http://i18n.skolelinux.no/kodar/sprak.html og http://i18n.skolelinux.no/kodar/land.html – Informasjon om dei fire e-postlistene våre (i18n-*) – Kanskje kontaktinformasjon om ulike (større?) omsettingsprosjekt, dvs. e-postadresse til koordinator og/eller lenkje til omsettingssider der dette finst?
I tillegg kan det sjølvsagt vera mykje praktisk informasjon om alt som har med omsetting å gjera, men problemet med dette er at nokon må *skriva* og vedlikehalda dette, og me er få aktive omsettarar. Og me som er, er gjerne opptatt med å faktisk *omsetta*. Så den beste plassen å få oppdatert informasjon for potensielle bidragsytarar vil nok framleis vera i18n-no-lista.