LibreOffice Base er eit program for å lage og styre databasar. Eg har omsett ei kort innføring i Base, men sidan eg ikkje har laga databasar sjølv sidan vi programmerte i Pascal, ville det vere fint om noen av fagfolka, og gjerne andre også, i dette forumet vil lese gjennom dokumentasjonen og kome med eventuelle rettingar og tilføyingar. Det er ikkje så usannsynleg at eg har gjort feil. Tenker i hovudsak på faglege feil, men tar gjerne i mot tips om språkfeil i tillegg. Du finn dokumentet i .odt- og .pdf-format på sida http://www.stuestoel.no/office/doku/dokumentasjon.php, «Kom i gang med Base».
Kolbjørn Stuestøl