Nei, eg veit ikkje om nokon grunn til å avvika frå retningslinene som alt finst. Det er fantastisk at de gjennom åra har fått laga så grundige retningsliner for omsetjinga, det er særs trygt og lærerikt.
Til no er det særleg eitt ord som eg er usikker på, og det er "calling" som konsekvent heiter "anrop" på bokmål. "Wi-Fi calling" til dømes. Må det bli anrop på nynorsk òg? Helst ikkje. Ringing? Wi-fi-ringing?
Elles må eg seia at det er eitt skar i gleda over nynorsk LineageOS, og det er at for dei fleste telefonar vil ikkje Vipps og kanskje andre nettbank-appar fungera. BankID verkar. Me snakkar om det som heiter Play Integrity, der ein vanleg telefon med LineageOS ikkje får godkjend "MEETS_DEVICE_INTEGRITY", noko som trengst for Vipps, om eg ikkje har teke i miss. Det er mogleg det finst unntak for Pixel-telefonar, fordi det er mogleg å låsa oppstartslastaren igjen om ein har kompilert systemet sjølv, og det er ikkje plent umogleg å få til. Men det vert jo endå eit lag med tekniske hindringar for at kven som helst med tid og stunder skal kunna ta i bruk ein nynorsk telefon.
Helsing, Ola Haugen Havrevoll
søn. 4. jan. 2026 kl. 12:25 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Eivind Ødegård skreiv 02.01.2026 10:00:
Neste steg, som gjerne kan bli vanskeleg nok, er å avgjera språklege retningsliner. Eg har ingen veldig sterke meiningar, men rår til å ikkje finna opp krutet på nytt, og å høyra på dei som har gjort dette før. Kanskje Karl Ove har eit innspel eller to?
Me har alt felles språklege retningslinjer som gjeld *all* fri programvare på norsk:
https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html
Er det nokon grunn til at Android skal avvika frå desse?
Eg har elles brukt desse retningslinjene når eg har omsett ulike Android-appar til nynorsk, og det har gått heilt fint.
Viss det er noko Android-spesifikt som bør skrivast ned, bør dette leggast inn i dei eksisterande retningslinjene (anten i hovuddokumentet eller, viss det er heilt Android-spesifikt, i eit separat dokument under «Retningslinjer»-kategorien på nettstaden).
Trur elles Google har nokre retningslinjer om skriving av tekstar i brukargrensesnitt, eks. kva tekstar som skal eller ikkje skal slutta med punktum. Fann dei ikkje farten, men dei kan ev. vera aktuelt å lenkja til (eller tilpassa dersom dei ikkje fungerer på norsk).
-- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org