Axel Bojer wrote:
Skrifta Arial har for eksempel nøyaktig same «font metrics» som Helvetica, sjølv om glyffane er ganske forskjellige. Det same gjeld Thorndale (brukt i OOo) og Times New Roman. Fordelen er at éi skrift kan byttast ut med den andre utan å endra linjelenger, orddeling e.l.
Eg kan ikkje komma på eit godt ord i farten. Men det bør gjerne innehelda «mål»? Og bør ikkje kunna forvekslast med «mål» i tydinga engelsk «target».
Men hva skulle et skriftmål i den betydningen være? Gir det mening? Skrifttype-måleneheter blir håpløst tungt.
Og feil. «Måleenheter» har ingenting med «font metrics» å gjera.
Utfra det du skriver over gjelder det altså utseendet/stilen på skrifta.
Nei, det gjeld breidda på glyffane, og mellomrommet mellom dei. Utsjånaden har *ingenting* med dette å gjera. Og det kan i nokre tilfelle vera heile poenget.
Kan vi ikke da kalle det «skriftmål»? (Skriftstil er vel opptatt og kan gi forvirring).
Skriftmål? Som bokmål og nynorsk?
Eg trur det beste me kan gjera kanskje er «skriftmetrikk». Det er openbart forståelig for dei som kjenner det engelske ordet kva det er snakk om.
Jo,da er vi tilbake igjen til det. Oversetter vi for dem som kan engelsk? Da er det vel ingen vits i å oversette :-) Ordet må vel være forståelig i seg selv, hvis overhodet, ikke fordi man «kan engelsk»?
Det er openbart at me ikkje kan laga eit ord som er forståelig i seg sjølv i denne samanhengen (med mindre det inneheld mange tusen bokstavar). Me må derfor laga eit ord som er forståelig og greitt å hugsa og læra for dei som veit kva det er snakk om, og som samtidig er norsk (og altso ikkje har ein skrivemåte og uttale som er håplaus for oss nordmenn). Då synest eg «skriftmetrikk» er det beste (til no, iallfall). Både «skrift» og «metrikk» er for øvrig norske ord, som begge står i ordboka, og som begge vert brukt i fagspråk (ord «metrikk» blir i tillegg til ordbokstydinga brukt i matematikken, i ei tyding som passar godt i denne samanhengen).
axelb@otto:~/pub/skolelinux/i18n/openoffice$ grep -ir 'font metric' * po/nb/padmin/source.po:msgid "Font metrics conversion" po/nn/padmin/source.po:msgid "Font metrics conversion" po/templates/padmin/source.pot:msgid "Font metrics conversion" po/GamleGUI-filer-nb/padmin.po:msgid "Font metrics conversion"
Det er nesten heilt sikkert snakk om konvertering frå eller til Adobes AFM-filformat. Sjå: http://partners.adobe.com/public/developer/en/font/5004.AFM_Spec.pdf
Du bør for øvrig gjera noko med e-postprogrammet ditt. Emnelinjene vert verre for kvar gong du svarar.