Kjetil Torgrim Homme skreiv 19.08.2025 19:49:
eitt mogleg namn på pipeline kan vere "jobbsekvens", men eg har ikkje tenkt mykje på dette.
Eg synest det er eit godt forslag. Mykje meir forståeleg enn «rørledning» (og for så vidt «pipeline» på engelsk), som no er brukt i GitLab.
i Fellesordlista står det:
pipeline kommandokø, kanal
"kommandokø" er forsåvidt akseptabelt det også, men det er ingen favoritt hos meg.
Ja, «kommandokø» kan òg gå. Men eg synest «jobbsekvens» er mykje betre.