On Tuesday 04 November 2008 14:25:32 Karl Ove Hufthammer wrote:
Lars Ivar Igesund:
Først, eg brukar Kubuntu, og er klar over at der er omsetjingsproblem der, men i dette spesifikke tilfellet trur eg kanskje det er kontekstkoplinga som er feil;
I Kubuntu 8.10, med KDE 4.1.2, i System settings -> tastar -> Snøggtastar
- dersom du lagar deg ein global snøggtast som inkluderar Space (td
Alt+Space), vert dette omsett til Alt+Verdsrommet ... I følge launchpad så er omsetjinga for Space (kontekst QAccel) "Mellomrom".
Omsettinga av «Space» vert ikkje henta frå kdelibs4.po, men frå kdeqt.po, med konteksten «QShortcut».
Alt ser rett ut hos meg (KDE 4 Trunk), so som vanlig er det nok ei feilomsetting i Launchpad. Det har *veldig* lite for seg å bruka Kubuntu eller Ubuntu dersom du ønskjer Linux på (rett/bra) norsk.
Klar over det, men for meg er det viktigare med eg kan bruke frå eit teknisk standpunkt.
Og det har for øvrig ingenting for seg å melda frå her på lista om omsettingsfeil i KDE (eller andre program) viss du brukar ein av desse distroane.
Greit nok. No har det seg slik at der er litt bevegelse i Kubuntu-leiren for å få gjort noko med problemet, men eg trur det kunne vere nyttig med ei skildring (på engelsk) av kva dei faktiske problema er - dersom nokon har lyst til å skrive noko sånt. Mot-argumentasjonen (eller argumentasjon _for_ Rosetta) går ut på at det er for vanskeleg/tungvint å konfigurere kbabel/lokalize/svn. Når det er sagt, er det forøvrig openbart at Rosetta ikkje er det einaste problemet.
Mvh, Lars Ivar Igesund