Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF24148915.5CFA5FA9-ONC1256C0D.005A1454@akershus-f.kommune.no:
Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format. Vil dette vera til nytte for nokon (som ei jamføringsordlista)?
Ja.
Ein ny versjon av omsettingsprogrammet kom idag, og hadde forbetra støtte for XML-konvertering. XML-fila vart ikkje heilt god, men med litt fikling fekk eg ho parsbar, og eg *trur* alt innhaldet vart bevart.
Eg har konvertert fila to po-format, og ho ser ut til å fungera. 'msgfmt' gjev nokre feilmeldingar på duplikattekstar, noko eg vel å oversjå. :)
Eg har kutta ut vekk veldig korte (tastatursnarvegar) og veldig lange (XUL-, RDF-, XML- og HTML-filer) strengar. Trur derfor ordlista er brukbar som jamføringsordliste. (Skulle berre ønskja eg kunne bruka po-fila direkte ved omsetjing av Mozilla!)
Internettsambandet mitt er litt treigt og ustabilt her eg er no, men eg skal iallfall *prøva* å lasta ordlista opp. Viss det ikkje går, får de venta nokre dagar. :)