Eg ser det i siste versjon av Mozilla-omsettingsprogrammet er mulig å eksportera til XML[1]. Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format. Vil dette vera til nytte for nokon (som ei jamføringsordlista)?
Elles, er det nokon som har ei lenkja til ei *teknisk* (syntaks)beskriving av po-formatet? Etter eit kjapt søk har eg berre funne dokument som fortel korleis du *brukar* det.
[1] Vel, denne fungerer visst ikkje heilt enno, men det blir forhåpentligvis retta i neste versjon. Feilrapport er sendt.
Tysdag 6. august 2002 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg ser det i siste versjon av Mozilla-omsettingsprogrammet er mulig å eksportera til XML[1]. Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format. Vil dette vera til nytte for nokon (som ei jamføringsordlista)?
Ja.
Elles, er det nokon som har ei lenkja til ei *teknisk* (syntaks)beskriving av po-formatet? Etter eit kjapt søk har eg berre funne dokument som fortel korleis du *brukar* det.
<URL: http://www.gnu.org/manual/gettext-0.11.2/html_chapter/gettext_2.html#SEC9 >
(Eller berre «info gettext».)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF24148915.5CFA5FA9-ONC1256C0D.005A1454@akershus-f.kommune.n o:
Elles, er det nokon som har ei lenkja til ei *teknisk* (syntaks)beskriving av po-formatet? Etter eit kjapt søk har eg berre funne dokument som fortel korleis du *brukar* det.
<URL: http://www.gnu.org/manual/gettext-0.11.2/html_chapter/gettext_2 .html#SEC9 >
Ja, det var denne eg fann. Men han var ikkje til mykje hjelp. Det står for eksempel om korleis du delar ein streng over fleire linjer, men ikkje maks. linjelengd. Det står heller ikkje nemnt fleire ting som tydeligvis er med i ~alle PO-filer, eks.
"Content-Type: text/plain; charset=UTF-8\n"
Det eg treng, er presis, konsis, normativ informasjon om PO- formatet, gjerne med syntaksbeskriving i BNF eller liknande syntaksformat.
Men dette er ikkje so *veldig* nøye. Det verkar som PO-filene eg har generert er OK. So eg overlever utan ei «skikkelig» standard.
* Karl Ove Hufthammer lister@huftis.org [020806 17:14]:
Men dette er ikkje so *veldig* nøye. Det verkar som PO-filene eg har generert er OK. So eg overlever utan ei «skikkelig» standard.
Vet ikke om noen teknisk beskrivelse jeg heller, men msgfmt har mange muligheter for å slå på sjekking av PO-filer, så du kan sikkert bruke disse for å verifisere at filen din er ok.
Eivind
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF24148915.5CFA5FA9-ONC1256C0D.005A1454@akershus-f.kommune.no:
Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format. Vil dette vera til nytte for nokon (som ei jamføringsordlista)?
Ja.
Ein ny versjon av omsettingsprogrammet kom idag, og hadde forbetra støtte for XML-konvertering. XML-fila vart ikkje heilt god, men med litt fikling fekk eg ho parsbar, og eg *trur* alt innhaldet vart bevart.
Eg har konvertert fila to po-format, og ho ser ut til å fungera. 'msgfmt' gjev nokre feilmeldingar på duplikattekstar, noko eg vel å oversjå. :)
Eg har kutta ut vekk veldig korte (tastatursnarvegar) og veldig lange (XUL-, RDF-, XML- og HTML-filer) strengar. Trur derfor ordlista er brukbar som jamføringsordliste. (Skulle berre ønskja eg kunne bruka po-fila direkte ved omsetjing av Mozilla!)
Internettsambandet mitt er litt treigt og ustabilt her eg er no, men eg skal iallfall *prøva* å lasta ordlista opp. Viss det ikkje går, får de venta nokre dagar. :)
Tysdag 6. august 2002 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg ser det i siste versjon av Mozilla-omsettingsprogrammet er mulig å eksportera til XML[1]. Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format.
Kvifor ikkje frå PO, forresten?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OFFC7396DE.B2F243D7-ONC1256C0D.005A2FDB@akershus-f.kommune.no:
Tysdag 6. august 2002 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg ser det i siste versjon av Mozilla-omsettingsprogrammet er mulig å eksportera til XML[1]. Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format.
Kvifor ikkje frå PO, forresten?
To grunnar:
Fordi programmet («MozillaTranslator») ikkje eingong kan *importera* XML-formatet det eksporterar. Og formatet MT brukar internt verkar litt -- æh -- uforståelig (og udokumentert).
Det var hovudgrunnen. Elles blir det litt stress for meg å skriva eit program for parsing av PO-formatet. Eg føretrekker XSLT. Med det er det *grådig* kjekt å manipulera XML-dokument.