Ikkje den heilt store responsen her i forumet på reknearkspørsmåla mine, men eg prøver med nye innlegg likevel. Denne gongen kanskje litt utopisk om logiske bit-funksjonar i LibreOffice (LO).
Slik eg ser det, er dei norske omsetjingane språkleg korrekte, men litt tungvinte. Men det er kanskje ikkje noe å gjere med dette sidan Excel brukar dei? Dei to første er etter mitt syn greie:
BITAND -> BITOG BITOR ->BITELLER
Det er dei tre neste eg kunne tenke meg å forandre:
BITLSHIFT ->BITSKIFTV eller BITVSKIFT (Nå: ikkje omsett i nn, BITVFORSKYV i nb og Excel) BITRSHIFT -> BITSKIFTH eller BITHSKIFT (Nå: ikkje omsett i nn, BITHFORSKYV i nb og Excel) BITXOR -> BITXOR (Nå: Ikkje omsett i nn, BITEKSKLUSIVELLER i nb og Excel)
Sjølv likar eg best forslaga eg har skrive like etter ->. Ref. også tidlegare innlegg her i forumet. Til språkfolka: Er det nødvendigvis noen språklege skilnader (i denne samanhengen) på å forskyve tala og å skifte dei? (Eg er ikkje språkmann sjølv).
Grunnen til at eg stiller spørsmåla er at eg *trur* dei som bruker desse funksjonane i eit rekneark er vane med dei frå andre samanhengar, og då gjerne i «kortformane». Eg har ikkje gjort undersøkingar på dette. Men dei gjeldande formene er kanskje så godt innarbeidde at det er vanskeleg å forandre dei?
Dette er på ingen måte noe stort problem for meg, bare eit lite ønskje om / forsøk på å gjere reknearket litt enklare i bruk.
Helsing Kolbjørn Stuestøl