Kva med påskrift eller påteikning?
Få TypeApp for Android
21. mar. 2023, 20:10 kl. 20:10 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Enkelte program har ein «annotate»-funksjon. Eit eksempel er biletprogrammet Gwenview, der ein kan bruka funksjonen til å legga på blant anna tekst og (typisk raude) piler, sirklar og tal for å retta merksemda mot enkelte element på biletet. Men kva kan me kalla dette på
norsk?
Hadde det berre vore snakk om tekst, hadde det vore greitt. Då kunne me
kalla det kommentarar eller merknadar (med «Legg til merknad» som tekst
på knappen/menyvalet). Men her kan det òg vera mange andre sortar biletelement. Nokon som har forslag til ei brukbar omsetjing?
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org