Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OFFC7396DE.B2F243D7-ONC1256C0D.005A2FDB@akershus-f.kommune.no:
Tysdag 6. august 2002 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg ser det i siste versjon av Mozilla-omsettingsprogrammet er mulig å eksportera til XML[1]. Men dette kan eg trulig lett konvertera ordlista til (men ikkje frå!) po-format.
Kvifor ikkje frå PO, forresten?
To grunnar:
Fordi programmet («MozillaTranslator») ikkje eingong kan *importera* XML-formatet det eksporterar. Og formatet MT brukar internt verkar litt -- æh -- uforståelig (og udokumentert).
Det var hovudgrunnen. Elles blir det litt stress for meg å skriva eit program for parsing av PO-formatet. Eg føretrekker XSLT. Med det er det *grådig* kjekt å manipulera XML-dokument.