I ein tidlegare diskusjon blei vi samde om å bruke "Vel(g)" for "Select" og "utval(g)" for "selection" i bildeprogram.
Ein gjer eit utval av/på bildet ved hjelp av diverse utvalsverktøy. Når eit utval er markert, kan ein bruke ulike kommandoar på "Vel(g)"-menyen for å gjere endringar i/på utvalet. Sjølv om denne menyen er kalla "Select" på engelsk, ville det kanskje vere meir logisk å kalle denne menyen for "Utval(g)" på norsk? Noen merknader? ("Markering" blei vald bort i ein tidlegare diskusjon). Diverre har eg ingen bildeprogram (utanom GIMP) omsett til norsk for å sjå kva som er brukt av andre.
Helsing Kolbjørn Stuestøl