Torsdag 7. juli 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Me står no att med 5675 e-infinitiv som vert oppdaga automatisk. Forhåpentligvis var dette siste oppdatering … :)
Og det var det ikkje. Analysen av e-infinitiv og a-infinitiv var litt naiv. Eg såg på alle infinitivs- og imperativsformer av verb, og laga ei oversikt over alle slike -e-ord og -a-ord. Det vart rekna som ein e-infinitiv viss det fanst eit tilsvarande -a-ord. Det er feil metodikk, då for eksempel ordet «gle» ikkje er ein e-infinitiv, sjølv om verbet «gla» finst¹.
Eg har no retta feilen. Berre verba «gle» og «ble» forsvann, og me står altso att med 5673 ord.
¹ Nei, eg kjente ikkje til ordet sjølv heller. Skal derfor spara dykk å slå det opp: ;-)
gla el. glade [kløyvd inf -a] -r, -dde, -dd el. -dt (smh med glatt; eigl 'gli'; jf I glad) om sola (el. månen): gå ned; om sola: kaste ein raudleg glans når ho går ned no g-r sola