Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes:
Uttrykk som 'tilkoplinga til xyzzy' høyrest litt klønete ut, synest eg.
Det er nok ein vanesak. Eg synest ikkje det hørest klønete ut. Men der er for so vidt det same for meg kven av orda som blir brukt, so lenge berre eitt av dei blir det.
Eg synest framleis ikkje desse orda er synonyme, og derfor bør dei brukast i forskjellige samanhengar. "Tilkopling" skjer ved etableringa av eit samband. Når koplinga er gjort, har ein eit "samband" (i fylgje mitt språkøyre, i alle fall).
Kjetil T.