Det er absolutt ein fordel om terminologien er einsarta på tvers av dei ulike programpakkane. Her er to ord(par) som blir brukt i ulike pakkar. Kven av dei skal me velja?
bli eller verte tilkopling eller samband
Eg føretrekker dei første i kvart par, men dette kan me godt gjera demokratisk.
On Tue, Oct 16, 2001 at 12:17:37AM +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Det er absolutt ein fordel om terminologien er einsarta på tvers av dei ulike programpakkane. Her er to ord(par) som blir brukt i ulike pakkar. Kven av dei skal me velja?
bli eller verte tilkopling eller samband
Eg føretrekker dei første i kvart par, men dette kan me godt gjera demokratisk.
Eg er eining med deg, men tilkopling er vel nesten eit verb? Samband og tilkopling blir vel ikkje heilt brukt om kvarandre?
On 16 Oct 01, at 0:50, Roy-Magne Mo wrote:
On Tue, Oct 16, 2001 at 12:17:37AM +0200, Karl Ove Hufthammer wrote: > Det er absolutt ein fordel om terminologien er einsarta på tvers > av dei ulike programpakkane. Her er to ord(par) som blir brukt i > ulike pakkar. Kven av dei skal me velja? > > bli eller verte > tilkopling eller samband > > Eg føretrekker dei første i kvart par, men dette kan me godt gjera > demokratisk.
Eg er eining med deg, men tilkopling er vel nesten eit verb? Samband og tilkopling blir vel ikkje heilt brukt om kvarandre?
Tilkoping er eit substantiv. Men eg reknar med at samband og tilkopling ikkje blir brukte heilt om kvarandre.
Jon Grepstad
Jon Grepstad informasjonsrådgjevar / Information Adviser Norsk språkråd / The Norwegian Language Council Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo Tlf./Phone (+ 47) 22 42 40 20 Faks/Fax (+ 47) 22 42 76 76
Tysdag 16. oktober 2001 00:17 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Det er absolutt ein fordel om terminologien er einsarta på tvers av dei ulike programpakkane. Her er to ord(par) som blir brukt i ulike pakkar. Kven av dei skal me velja?
bli eller verte tilkopling eller samband
Eg føretrekker dei første i kvart par, men dette kan me godt gjera demokratisk.
Eg føretrekk 'verta' og 'samband', men er med på å avgjera det demokratisk.
Uttrykk som 'tilkoplinga til xyzzy' høyrest litt klønete ut, synest eg.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
2001-10-16 01:26:32, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Uttrykk som 'tilkoplinga til xyzzy' høyrest litt klønete ut, synest eg.
Det er nok ein vanesak. Eg synest ikkje det hørest klønete ut. Men der er for so vidt det same for meg kven av orda som blir brukt, so lenge berre eitt av dei blir det.
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes:

Eg synest framleis ikkje desse orda er synonyme, og derfor bør dei brukast i forskjellige samanhengar. "Tilkopling" skjer ved etableringa av eit samband. Når koplinga er gjort, har ein eit "samband" (i fylgje mitt språkøyre, i alle fall).
Kjetil T.
On Tue, Oct 16, 2001 at 05:24:53PM +0200, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes:
Uttrykk som 'tilkoplinga til xyzzy' høyrest litt klønete ut, synest eg.
Det er nok ein vanesak. Eg synest ikkje det hørest klønete ut. Men der er for so vidt det same for meg kven av orda som blir brukt, so lenge berre eitt av dei blir det.
Eg synest framleis ikkje desse orda er synonyme, og derfor bør dei brukast i forskjellige samanhengar. "Tilkopling" skjer ved etableringa av eit samband. Når koplinga er gjort, har ein eit "samband" (i fylgje mitt språkøyre, i alle fall).
Det er slik eg forstår det også
Tysdag 16. oktober 2001 17:24 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Eg synest framleis ikkje desse orda er synonyme, og derfor bør dei brukast i forskjellige samanhengar. "Tilkopling" skjer ved etableringa av eit samband. Når koplinga er gjort, har ein eit "samband" (i fylgje mitt språkøyre, i alle fall).
Kva vert det på engelsk, forresten? Connection og ...?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
2001-10-17 20:32:10, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Når koplinga er gjort, har ein eit
"samband" (i fylgje mitt språkøyre, i alle fall).
Kva vert det på engelsk, forresten? Connection og ...?
Og 'connection'.
Dette passa betre på nn-lista, synest eg.
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Det er absolutt ein fordel om terminologien er einsarta på tvers av dei ulike programpakkane. Her er to ord(par) som blir brukt i ulike pakkar. Kven av dei skal me velja?
bli eller verte tilkopling eller samband
Eg føretrekker dei første i kvart par, men dette kan me godt gjera demokratisk.
Eg synest "bli" går (ikkje "gjeng" :) dårleg saman med a-infinitiv. Orda i det andre paret er ikkje synonyme.
Kjetil T.
2001-10-16 11:08:47, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no:
Orda i det andre paret er ikkje synonyme.
Men dei blir begge brukte som omsetjing av 'connection'. I Microsoft-program og Mozilla blir 'tilko[bp]ling' (konsekvent) brukt, og i KDE blir 'samband' (konsekvent) brukt.