På http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html#destHeader5 står dei ei oversikt over kva ord og former me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettingane våre, men denne er langt frå komplett. Her er forslag til nokre fleire ord, basert på faktisk inkonsekvente omsettingar i KDE.
Mine føretrekte variantar står før skråstreken. Eg trur ikkje dei kan seiast å vera for konservative.
mens/medan komma/koma, gammal/gamal, tømma/tøma (og generelt dobbel konsonant) veta/vita vert/blir framfor/framføre (me har alt «fornamn/førenamn») resurs/ressurs gje/gi derfor/difor bedt/bede mogleg/mogeleg/muleg (me har alt «unntak/unnatak») nyheiter/nyhende
«å gje / å gi» synest eg å hugsa sto i lista før, men me vart ikkje einige om éi form, so me tok det ut. Sjølv føretrekker eg «å gje», delvis fordi det er den forma eg brukar i talemålet, og delvis fordi eg synest «oppgjevne» hørest mykje betre enn «oppgidde».
I tillegg kunne eg godt tenka meg å endra oppføringa «mislukka» til «mislykka», samt «behandling» til «handsaming» (var denne siste nokon gong diskutert på lista?).
Eg vil òg fjerna oppføringa «igjen/att». I mange tekstar er «igjen» best, og i mange tekstar er «att» best. Det er unødvendig å setta ord opp mot kvarandre.
Ein annan ting som er *veldig* inkonsekvent i omsettingane, er endinga -er vs. -ar i verb (presens). For eksempel står det mange plassar «brukar» og mange plassar «bruker». Tilsvarande står det nokre plassar «spela» (preteritum) og nokre plassar «spelte».
Sjølv er eg ikkje heilt einig meg meg sjølv i kva eg føretrekker. Eg føretrekker for eksempel heilt klart verbet «brukar» men òg «spelte». Men me må velja éi av formene, og eg har til slutt falle ned på preferansen -er (i presens, slik at me altso får -te/-de i preteritum). Hovudgrunnen er det mykje brukte uttrykket
Klarte ikkje …
Det synest eg er mykje betre enn
Klara ikkje …
(som for meg ser ut som ein dialektskrivemåte av «Klarar ikkje» …)
Men eg har ikkje tenkt å gjera desse endringane utan tilbakemeldingar frå dei andre nynorskomsettarane. So kommenter forslag mine, og kom gjerne med nye sjølv. Når debatten har stilna, vil eg legga inn dei endringane me er einige om.