Tysdag 1. juni 2010 skreiv Eirik U. Birkeland:
2010/6/1 Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Her er mitt forslag (oppgradert til GPL 3): […] vilkåra i GNU General Public License publisert av Free Software Foundation
Føreslår «frå Free Software Foundation» eller «[…], som er publisert av Free Software Foundation»
«frå Free Software Foundation» er bra.
eller (om du ønskjer) ein nyare versjon.
Føreslår «om du ønskjer det», kanskje heller med komma før og etter.
Einig. Helst ville eg brukt tankestrekar, men det er vel best å halda seg til ISO 8859-1 her.
[…] garanti om at det vil OMSETJELEG eller EIGNA TIL NOKO SPESIELT FORMÅL.
Her må ein skrive anten «vil vera» eller «er».
Synest «vil vera» er best.