Karl Ove Hufthammer skreiv 23. mai 2018 22:06:
Eg skulle gjerne ha oppdatert fellesordlista, men nett no får eg ikkje kontakt med svn.skolelinux.no, som me brukar til å redigera fellesordlista og dei språklege retningslinjene våre. Er maskina kanskje nede? (Og sist eg sjekka inn endringar, vart desse aldri offentleggjorde, så det er kanskje større tekniske problem?)
Eg får framleis ikkje sjekka inn (eller ut) noko frå svn.skolelinux.no. Og det ser ikkje til at vevgrensesnittet på http://svn.skolelinux.org/websvn/ er tilgjengeleg, heller.
Nokon som veit noko meir om dette? Er SVN-depotet berre nede eller faktisk lagt ned?