Eg meiner å hugse at dette har vore oppe i forumet tidlegare, men finn det ikkje igjen. Er heller ikkje i fellesordlista.
Altså: Finst det ei norsk omsetjing av "Soft proofing"?
Litt forklaring: På skjermen blir fargane laga ved å blande lys, i utskrifta ved å blande fargepigment. Fargane i ei utskrift blir difor aldri heit dei same som dei du ser på skjermen. "Soft proofing" er (litt forenkla) å førehandsvise eit bilde på skjermen med fargane justerte slik at dei er mest mogleg like dei du får i utskrifta.
Helsing Kolbjørn