Eg meiner å hugse at dette har vore oppe i forumet tidlegare, men finn det ikkje igjen. Er heller ikkje i fellesordlista.
Altså: Finst det ei norsk omsetjing av "Soft proofing"?
Litt forklaring: På skjermen blir fargane laga ved å blande lys, i utskrifta ved å blande fargepigment. Fargane i ei utskrift blir difor aldri heit dei same som dei du ser på skjermen. "Soft proofing" er (litt forenkla) å førehandsvise eit bilde på skjermen med fargane justerte slik at dei er mest mogleg like dei du får i utskrifta.
Helsing Kolbjørn
[Kolbjørn Stuestøl]
Eg meiner å hugse at dette har vore oppe i forumet tidlegare, men finn det ikkje igjen. Er heller ikkje i fellesordlista.
Det ble så vidt nevnt i en eposttråd 2017, i en diskusjon rundt "color fidelity" som ble foreslått oversatt til «fargegjengivelse», men intet forslag kom på bordet for uttrykket «soft proofing».
Kolbjørn Stuestøl skreiv 14.12.2023 20:56:
Eg meiner å hugse at dette har vore oppe i forumet tidlegare, men finn det ikkje igjen. Er heller ikkje i fellesordlista.
Altså: Finst det ei norsk omsetjing av "Soft proofing"?
Ja. I Krita har eg omsett det til «Simuler utskrift» og «Utskriftssimulering», avhengig av samanhengen.
Strengt tatt vert «soft proofing» brukt til å simulera resultatet av profesjonelt trykk i tillegg til utskrift (pluss alle andre formar for «digital til papir»-omforming). Men for heimebrukaren er det jo vanlegvis utskrift som er det mest aktuelle.
Den 14.12.2023 21:55, skreiv Karl Ove Hufthammer:

Då har eg bruk «uskriftssimulering» også i GIMP, med nokre omskrivingar der eg meiner det passar. (Ja, eg har igjen byrja å omsetje GIMP til nynorsk, så eg kjem nok med fleire spørsmål innføre bildebehandling etter kvart).
Helsing Kolbjørn