Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2018 21:14:
Ser at Glyph i Fellesordlista er omsett med *glyff*. Er dette ein skrivefeil? Eg meiner det korrekte er å bruke *glyf* om eit teiknbilde.
Eg finn ikkje ordet i Nynorskordboka, Bokmålsordboka eller Det Norske Akademis ordbok (og Norsk Ordbok likar jo ikkje ordet som kjem før i i alfabetet …).
Men eg finn det i Store norske leksikon (SNL), med skrivemåten «glyf»: https://snl.no/glyf_-_typografi Wikipedia på bokmål/riksmål skriv òg «glyf» (med «glyff» i parentes), mens Wikipedia på nynorsk skriv «glyff».
Når me (eg?) la det til, hadde me nok ein grunn for denne skrivemåten (uttale?). Men no bør me vel følgja SNL (det er vanlegvis autoriteten vår etter ordbøkene), med mindre det finst ein god grunn til å bruka skrivemåten med to f-ar.
Eg skulle gjerne ha oppdatert fellesordlista, men nett no får eg ikkje kontakt med svn.skolelinux.no, som me brukar til å redigera fellesordlista og dei språklege retningslinjene våre. Er maskina kanskje nede? (Og sist eg sjekka inn endringar, vart desse aldri offentleggjorde, så det er kanskje større tekniske problem?)