fredag 18. mars 2005, 15:34, skrev Karl Ove Hufthammer:
Held på å omsetta programmet digiKam, og dette har ein funksjon som heiter «Anti Vignetting». Her er hjelpesida for funksjonen:
http://docs.kde.org/en/HEAD/kdeextragear-3/digikamimageplugins/antivignetti ng.html
Kort sagt er «vignetting» fenomenet at hjørnene og kantane av fotografi vert noko undereksponert, og dermed mørkare enn midten. Dette liknar på dei (kunstige) «vignettane» me gjerne ser på gamle portrettfotografi, der me har ei mørk, ellipseforma ramme rundt biletet.
Nokon som anar kva dette fenomenet heiter på norsk, eller har forslag til kva det kan omsettast til?
Hvis jeg forstår dette rett: Hva med «dempede/nedtonede hjørner»?
-Axel