Måndag 14. februar 2005 19:20 skreiv Jon Kåre Hellan:
Hva er status med datoformat i norsk localer?
For Debian, Skulelinux og glibc anar eg ikkje. I OpenOffice.org har me derimot etter beste evne laga konsistente og fornuftige localefiler for bokmål og nynorsk. For ei tid sidan vart alle OOo sine localefiler samanlikna med Unicodes Common Locale Data Repository. (Eg veit ikkje kva for stilling CLDR har i forhold til glibc osv.) Dei norske oppføringane i CLDR var vilt inkonsistente, så det enda med ein feilrapport som sa at OOo har rett. Skilnadane gjekk på forkorta dag- og månadsnamn:
http://www.jtcsv.com/cgibin/locale-bugs?findid=464 http://www.unicode.org/cldr/
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes