Måndag 8. mars 2004 06:08 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ein skal vere klar over at presensforma bestemmer preteritumsforma.
v1 å klare klarer klarte har klart v2 å klare klarar klara har klara
... og dei av oss som har ei dialekt der me seier «klarar, klarte», kan berre ha det så godt ;) Eg har sjølv brukt mest -ar.
Eg er ikkje sikker på om me må vera konsekvente og bøya alle verb på same måten, eller om me kan skriva «klarer» og «brukar».
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes