On Thu, 2008-05-15 at 18:47 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg har no retta dette oppe i utviklingsversjonen, slik at det vert med i neste offisielle versjon, som vert KMail i KDE 4.1. Formatet er no:
DATO KLOKKESLETT skrev du:
meiner du dette bokstavleg? eg synest ikkje det er så nyttig (eller korrekt) å bruke "du" -- dei som les meldinga kan vere med på Cc eller liknande. viss ein skal sjekke kven som har sagt kva i nøsta sitat, er det no umogleg utan å sjekke dei andre meldingane i tråden eksplisitt.
Akkurat korleis DATO og KLOKKESLETT vert sjåande ut, kjem an på lokale-innstillingane dine. I utgangspunktet skal dei i nyare Linux-ar bli korrekt sjølv med den gamle omsettinga. Men det vert dei *ikkje* på min splitter nye Mandriva 2008.1 manglar punktumet etter datoen:
Onsdag 14 mai 2008
dessverre godkjenner Språkrådet denne skrivemåten. eg synest det ser fælt ut sjølv.