16. februar 2014 kl. 17.21 skrev Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no:
Her var det svært mykje interessant. Eg treng nok litt tid på å fordøya alt, både i dette og tidlegare innlegg.
«Tensor» hugsa eg faktisk då du nemnde det, men ikkje definisjonen. Truleg frå ein eller annan programsamanheng. (Eg er heller ikkje matematikar). Kanskje vi kan bruke det ordet i staden for liste?
Eg ville nok ikkje nytta tensor utanom i den matematiske tydinga, altså n-dimensjonale geometriske objekt. Ei liste med generisk innhaldstype ville eg kalla ei liste, enkelt og greit. Er innhaldstypen begrensa til tal, kan ein kalle det ein tuppel (definisjon: ordna mengde).
Torsdag 13. februar 2014 23.35.03 skrev Kolbjørn Stuestøl:
Wikipedia inneholder mye interessant. Det kan se ut til at det engelske table tilsvarer todimensjonal tabell, mens array er det generelle begrepet for en systematisk oppstilling av elementer - jf ordet arrangement. På norsk bruker vi vel ordet tabell - jeg tror ikke vi bør begynne å oversette array med arrangement i forbindelse med programmering :-)
Tabell er ein etablert oversetting for array. http://no.wikipedia.org/wiki/Tabell_%28datastruktur%29
-thomas