Eg klarar ikkje verta einig med meg sjølv om kva som er mest naturleg av «navigasjonslinje» og «navigeringslinje» på norsk. Det er altså snakk om denne linja med knappar som «Tilbake», «Fram» og «Heim» i for eksempel ein nettlesar, der ein kan navigera seg mellom nettsider/dokument. På engelsk heiter det «navigation bar» eller «navigation toolbar».
I KDE-omsetjingane har me vakla ein del. Eg finn for eksempel
navigasjonskontroll navigasjonspanel navigasjonslinje
men òg
navigeringsverktøy navigeringsknappar navigeringspanel navigeringsfane navigeringslinje
I tillegg brukar me «navigering» i ord som
tastaturnavigering skrivebordsnavigering mappenavigering fingernavigering
men det er kanskje meir naturleg, då det er snakk om handlingar? (Men me har òg «musenavigasjon».)
Me bør vera konsekvente her, iallfall for dei orda som *startar* med «navigasjons-»/«navigerings-». Så har nokon synspunkt på kva som er språkleg best eller mest naturleg?