fredag 22. oktober 2004, 23:08, skrev Karl Ove Hufthammer:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget
news:200410081718.22660.gaute@verdsveven.com:
«Skriveprogram» er så godt som ledig som faguttrykk, og difor kan me som Karl Ove seier definera tydinga sjølve. Ordet er ikkje meir uklart enn «text editor». (Bortsett frå at «text editor» er etablert.)
Og elles bør me vera klar over at ordpara «word processor» og «text editor» ikkje er so mykje brukt *saman*, i same situasjon, at det vert problem av det.
Eksempel på bruk: I eindel e-postprogram finna valet «bruk eksternt skriveprogram».
Altso vil «tekstbehandlar» og «skriveprogram» sjeldan brukast til å *skilja* mellom to forskjellige program; dei vil heller vera naturlige ord å bruk på dei to forskjellige programtypane.
Hvis det du sier er rett, så er det et argument for ikke å bry seg om å ha ulike ord, men slå de to sammen, siden alså sammenhengen ordet brukes i forklarer hva som menes.
-Axel