Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200407301459.59238.gaute@verdsveven.com:
Faste bokstavar på standardfunksjonane og halvintelligent automatikk på resten ville vore mykje betre enn dagens situasjon både for omsetjarar og brukarar.
Det er då ikkje so mykje arbeid å sjå til at snarvegtastane er brukbare? Eg synest den noverande situasjon er heilt akseptabel, og gjev dei beste snarvegane.
For øvrig kan Dr. Klash settast opp til ommøblera snarvegtastane heilt automatisk om ein måtte ønskja.
Forresten, når det gjeld æ, ø og å, so skriv du at «[d]et er ikkje alle som har norsk tastatur». Men er ikkje òg situasjonen slik at desse ikkje alltid fungerer? Eg har iallfall opplevd dette med KDE. (Er på Windows akkurat no, og kan ikkje sjekka.)