Karl Ove Hufthammer skreiv:
Sundag 11. januar 2009 skreiv Kolbjørn Stuestøl:
So vidt eg kan sjå, er det ingenting galt med filene der. Derfor stemmer det nok at du brukar (veldig) utdaterte verktøy. msgctxt har vore støtte lenge no.
Det viser seg at poEdit ikkje har (skikkeleg) støtte for msgctxt.
Nyaste poEdit-versjonar *har* brukbar støtte for msgctxt. Du kan fint opna, redigera og lagra filer som brukar msgctxt, og alt skal fungera fint. Det einaste problemet er at msgctxt-teksten ikkje vert *vist* i poEdit. Og det kan du vel leva med om du held fast på å bruka programmet.
Prøvdeseinare på Cygwin, med gettext 0.17, men fekk feil der også. Kanskje eg manglar ei eller anna pakke.
Nei. Viss gettext-verktøya gjev feilmeldingar *er* det fordi filene dine inneheld feil. gettext har støtta msgctxt sidan versjon 0.15, som kom for over to eit halvt år sidan, og eg kjenner ikkje til nokon feil i dei.
Desse «po-greiene» er nesten ikkje til å halde styr på for oss som ikkje er dagleg involvert i bruken av desse filene.
Meininga med verktøy som poEdit og Lokalize er at du ikkje skal kunna trenga veta noko serlig om formata. poEdit varslar deg jo til og med om du prøver å lagra ei fil med feil.
Min tabbe :-( Det var ein eller annan feil med den siste nedlastinga. I vanvare "oppdaterte" eg difor frå ein eldre versjon som låg på harddisken. Mykje strev fordi eg ikkje var vaken. Ny nedlasting. Nå verkar poEdit fint, utanom når eg arbeider med hjelp for GIMP, som er problematisk også på andre måtar.
Helsing Kolbjørn