"Kommandotast" kan forveksles med Control-tasten på Linux. (Antagelig på Windows også.)
"Metatast" kan være Escape-tasten, Tab-tasten og andre ting.
"Spesialtast" er for vagt.
"Systemtast" og "OS-tast" kan gå.
Thomas Gramstad
On Wed, 1 Aug 2018, Leif Halvard Silli wrote:
Fem framlegg:
kommandotasten
spesialtasten
supertasten
systemtasten
OS-tasten
I MacOS-verda plar me kalla det for kommandotasten. Det vert òg nytta i
skriftbilete - gjerne avstytt. Her er ein snarveg, på engelsk: Cmd-Shift-A. På eit Mac-tastatur har kommandotasten to påtrykte symbol. Til venstre på tasten: cmd . Til høgre på taste: sjåverdesymbolet/severdighetssymbolet (https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/Lover+og+regler/trafikkskilt/serv...). Kommandotast funger nokso sjølvforklarande.
- Samla sett vert 'ctrl', 'cmd', 'shift' (med fleire) i MacOS omtala som
'spesialtastar'. Likevel er eg ikkje framandfor å omtala 'cmd' som 'spesialtasten'.
- Eg er litt samd med Karl Ove i at supertast kan fungera. Men det lyt
innarbeidast. Men berre ein fær meininga inn i hovudet, bør det vera nokså intuitivt.
- Men sidan kommandotasten sin funksjon ofte er knytt til systemet
(linuxtast, windowstast), kunne gjerne 'systemtasten' vore eit litt nøytralt namn. Jamvel om Mac ikkje har nokon "mac-tast', så har Mac likevel ein operativsystemspesifikk kommandotast/spesialtast. I uttrykket 'systemtasten' kan ein også leggja det at systemtasten varierer litt i funksjon. Dermed kan ein leggja inn i uttrykket at ein meiner 'den spesialtasten som er operativsystem-avhengig'.
- Som variant av 'systemtasten', kan ein også tenkja på 'OS-tasten' - altså
'operativsystemtasten'. (Ulempen med systemtasten og OS-tasten er at ein person som aldri har nytta noko anna enn MacOS gjerne ikkje vil koma på at kommandotasten er systemspesifikk.)
Metatasten er eg imot. Fordi: For å vita kva 'metatast' er for noko, må ein nesten vita kva 'metatast' er i Linux, Windows (og Emacs). Og for meg, kvar gong eg prøvde å læra meg Emac, var det ei mara å forstå om 'metatast' tilsvara Ctrl eller Cmd. Kvifor lurte eg på dette? Jau, fordi Ctrl er mykje viktigare i Windows enn i MacOS. I Windows vert Ctrl nytta i alle snarvegskommandoar (t.d. i Ctrl-A), medan me i MacOS nyttar kommandtasten for same sak (Cmd-A).
Leif Halvard Silli
On 26 Jul 2018, at 16:07, Yngve Spjeld-Landro wrote:
Hei! Kva er det best å kalla tasten med windowslogoen på? Alternativa eg har funne so langt er Super(-tasten) eller Meta(-tasten).
-- :-) Yngve Spjeld-Landro nynorsk - fordi du fortener det