Knut Yrvin knuty@objectware.no wrote in news:200206211418.03503.knuty@objectware.no:
fredag 21 juni 2002, 13:48, skrev Karl Ove Hufthammer:
*subject
Emne
Nei, det er ikkje snakk om eit emne, men (so vidt eg har forstått) den personen, bedrifta e.l. eit sertifikat gjeld for. For eksempel er 'Subject' til nettbanksertifikatet mitt (som identifiserer meg, ikkje nettbanken) 'Karl Ove Hufthammer'. Ordet blir òg brukt i ymse grusomme uttrykk, som 'Subject Public Key Info' ('info om offentleg nøkkel til 'subject''?). Eg lurer på om eg muligens kan bruka ordet 'entitet'.
*(Relative) Distinguished Name
(relativt) unike navn
Ja, det er det eg har brukt. Men er det nokon som veit kva det *betyr*. 'Distinguished Name' antar eg er eit unikt namn som identifiserer ein 'entitet'. Men kor kjem det relative inn i bildet?
*token
stafettpinne
Kor har du dette frå. Er det ei allereie brukt omsetjing? Og kva er meint med 'token' i denne samanhengen.
*step-up
ett trinn opp
Kanskje OK, men veit du kva ordet er brukt om? (Eg har ikkje funne det i nokon dialog.)