* Karl Ove Hufthammer (02.08.2008 20:46):
Føretrekker me «-te» eller «-de» i perfektum partisipp i adjektivform? Med andre ord, skal me skriva «malane kan verta overstyrte av …» eller «malane kan verta overstyrde av …»? Det er valfritt, òg i læreboknormalen?
Fleirtal av partisippen skal vere lik preteritumsforma. I nynorsk.org-normalen har eg valt preteritum på -te og supinum på -d der det er høve til det i læreboknormalen. Eg har gjort dette valet for få same dental i perteritum og supinum, og dermed å unngå samsvarsbøying i eintal av svake partisippar, noko som er vanskeleg for mange (eg slurvar sjølv). Det er dessutan i samsvar med bokmål, utan at ein skal leggje for mykje vekt på det. Det inneber mellom anna slik bøying:
styre - styrer - styrte - styrt byggje - byggjer - bygde - bygd nå - når - nådde - nådd
Det same argumentet kan brukast mot svake partisippformer av sterke verb, som nemnt i ein annan tråd. Det er betre å bruke beden - bede - bedne enn bedd - bedt - bedde. I dette tilfellet talar dessutan adjektivet "ubeden" mot å bruke "bedt": "ubedde gjester" høyrest ikkje bra ut, jamfør ditt argument mot "gidde".
Ein blir uansett ikkje heilt kvitt samsvarsbøying i svake partisippar, til dømes er det obligatorisk med køyrd - køyrt - køyrde og dømd - dømt - dømde. Eg vil likevel helst avgrense bruken.
Erik