Held for tida på å setta om Kaffeine, og finn der ein dialog for OSD, med namn som «OSD Titles» og «OSD Options». Dette er sjølvsagt heilt uforståelig for vanlige folk, so eg har tenkt å setta det om til noko med fornuftig og uforkorta.
Etter det eg har forstått, betyr «OSD» her «On Screen Display», tekst som dukkar opp over filmbildet med informasjon (eks. «Kapittel 5» når du hoppar til eit nytt kapittel på ein DVD, «Pause» når du pausar, eller «Lydvolum: 70 %» når du endrar lydvolum med ein snøggtast).
Mitt einaste forslag er «statustekst». Andre forslag? Det er uproblematisk om det krev omskriving.