Kolbjørn Stuestøl skreiv 22.02.2025 13:34:
Eg er einig i at forslaga dine er mykje betre enn Excel sine. At dei skil seg mykje frå engelsk, er ikkje noko problem. Mange funksjosnamn er svært ulike på norsk og engelsk. At dei også skil seg ut i høve til Excel, er kanskje eit større problem. Er vel nokre som kjem frå Excel til LibreOffice Calc, eller brukar begge. Eg har likevel lyst til å endra til STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Ikkje gjort, mellom anna fordi nettsidene for omsetjing av LibreOffice (https://translations.documentfoundation.org/) ligg nede nå pga. vedlikehald. Eit anna argument er at VSTAKK er kortare enn STABLE.LODDRETT.
Nokre meiningar om dette?
Ja, VSTAKK fungerer ikkje på norsk. Det er ikkje snakk om klesplagget skjørt (som er det «stakk» på norsk tyder); det er snakk om stabling (som er det «stack» på engelsk tyder). Så STABLA.LODDRETT er ei fin omseting (merk a-infinitiv).
Karl