Karl Ove Hufthammer via l10n-no skreiv 30.09.2026 01:13:
Eg har no laga ein ny slik video. Der viser eg korleis eg omset eit nytt program heilt frå starten av. Men videoen er eigentleg motsett frå slik eg ser for meg framtidige videoar /bør/ vera – korte og spissa. Han varer nemleg i heile 53 minutt, så han er nok for spesielt interesserte! 😃
Har laga to videoar til, som forhåpentlegvis *ikkje* berre er for spesielt interesserte, éin om plasshaldarar (%1, %2 o.l.) og éin om fleirtalstekstar. De finn dei som vanleg her:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsvideoar/