Sundag 4. august 2002 23:15 skreiv Arne Christian Hårseth:
Er det noe jeg kan hjelpe til med i OO-oversettingen?
Dessverre kan ingen jobba med tipsfilene før fila ht-glossary.po er ferdig. Den held Axel og Tonje på med. Hjelpefilene er skrivne i eit rotete XML-format, og skal dessutan snart (etter StarOffice 6.1) oppdaterast til eit betre format. Difor er det liten vits i å byrja på desse no.
Det ville vore nyttig om nokon kunne testa grensesnittet og rapportert om eventuelle feil. Du kan anten installera Debian-pakkane som ligg ute, eller ta kontakt så skal du få ressursfilene der omsetjinga ligg. Dei vil faktisk fungera på Windows òg.
Som de veit, er Akershus fylkeskommune klare på at denne utgåva er *berre* for testføremål, ikkje for fri distribusjon. Ver greie og respekter det ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes