Dette er jo greit i og for seg - men hva med synonymordboken? Jeg trodde det var det vi skulle få utviklet fort som fy blant annet??
Hva skjedde?
Mvh.
Svenn Inge Ingebrigtsen
Hei
No har vi avgjort at vi skal redusere talet på felt som blir sendt ut med korrekturposten frå speling.org. Felta som no er med er berre WORD, STATUS og CORRECTION.
Ved rett staving av ordet endrar ein statusfeltet til +. Ved feil staving av ordet endrar ein statusfeltet til - og skriv inn den rette stavinga i CORRECTION-feltet.
Grunnen til at vi gjer det på denne måten er at vi førebels ikkje kan nytte oss av den grammatiske informasjonen som blir lagt inn og at speling.org-systemet ikkje er godt nok konstruert til å handtere slik informasjon.
Dette fører også til at det er mykje lettare å bidra. No tar det meg ca eitt min å gå gjennom 10 ord, mot 5 til 10 min tidlegare då eg måtte fylle inn masse informasjon (som eg i tillegg ikkje var sikker på var rett).
Eg trur også det vil vere lettare å rekruttere fleire korrekturlesarar til å delta. Eg oppfordrar difor alle til å spørre folk om dei kan tenkje seg å bidra. For å bidra sender de ein e-post til meg (korsvoll <på> gmail.com eller korsvoll <på> skulelinux.no) der de skriv kor mange ord de vil ha tilsendt kvar dag.
Helsing Håvard
_______________________________________________ i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no