Hei igjen.
Karl Ove Hufthammer skreiv:
Eirik U. Birkeland skreiv:
Komma/koma: Faktisk står ingen av delane oppført som hovudform i ordlista.
Jo. Me har då dette verbet på nynorsk!
Sjølvsagt har vi det. Beklagar misforståinga mellom meg og nettordlista. :) I dette tilfellet må eg då seie at eg likar best «kome».
Gammal/gamal: «Gamal» er sideform, så denne er vel ingenting å diskutere. Tømma/tøma: «Tøma» er sideform.
Det var fint. Begge orda er brukt i omsettingane, og må altso uansett rettast. Men kva synest du om den generelle regelen å føretrekka dobbeltkonsonant i slike ord?
Eg veit ikkje om eg vil gjere det til ein generell regel. Som sagt likar eg best kome, men også «gammal» og «tømma» (sjølv om desse er dei einaste hovudformene).
resurs/ressurs Eg har aldri sett den fyrste skrivemåten her før, og føretrekk «ressurs».
Skrivemåten «resurs» var ikkje lovlig før, men eg føretrekker han heilt klart for nynorsk, då den logiske uttalen av «ressurs» hørest veldig østnorsk ut («øgrimsk», om du vil). Det same med «tunnel» vs. «tunell», for øvrig.
:-) Ja, forstår kva du meiner, men samtidig er det jo ikkje slik at ein skriv t.d. «resspekt», sjølv om dette ville ha vore logisk ut frå «austnorsk uttale». Ein annan del av det som får meg til å mislike «resurs» er at det for meg, som aldri har sett det skrive slik, rett og slett ser ut som ein amatørmessig skrivefeil.
nyheiter/nyhende Meiner «nyheiter» vert for munnleg, likar best «nyhende».
Eg synest munnlig språk er positivt. :)
Ja, det gjer eg òg, men det høyrest ikkje så bra ut for meg som samtidig prøver å unngå anbeheitelsar.
Er vi nøydde til å vera konsekvente mellom bøyingsformer på denne måten? Sjølv meiner eg nei, og at vi heller kan ta opp enkeltord.
Eg trudde me måtte det, men det ser ut til at eg tok feil.
Flott! :-p
Sjølv seier eg «spelte», men det er ikkje veldig viktig for meg.
Ja, det gjer eg òg, men eg skriv heller «spela» i preteritum enn «speler» i presens.
Du meiner verb, ikkje substantiv, reknar eg med. Sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Kl%C3%B8yvd_infinitiv
Ja, sjølvsagt gjer eg det. Veit ikkje heilt korleis eg greidde å bomme der. Har sett artikkelen på Nynorsk Wikipedia før, men likevel ikkje skjønt det. Men det ser altså ut til at det er det fyrste eg skreiv som er rett.
– Eirik U. Birkeland