On Wed, Nov 05, 2003 at 10:59:41PM +0100, Håvard Korsvoll said:
Eg lurer på om de har nokre gode forslag til kva vi skal omsetja «Message disposition notification» med. Dette er ein slags protokoll/standard [1] i e-postsamanheng for stadfesting frå mottakaren kva han har gjort med e-posten: vist, handsama, lagt vekk, sletta osv. Denne statusen vert så sendt tilbake til sendaren.
Dei gongane eg har fått slike meldingar, har det vore frå slipsfolk i organisasjonar eg veit bruker MS-basert programvare. Så eit tips vil vere å finne nokon med ein norsk Outlook eller Exchange (eller bruker man Outlook som klient der?) eller noko slikt, og sjekke/spørre kva funksjonen heiter der.
Elles ser eg at Statskonsult i NOSIP (Norsk OSI Profil) URL: http://www.statskonsult.no/prosjekt/standsekr/nosip3.pdf kaller desse meldingane for lest-kvitteringar, medan Delivery Service Notification (RFC1891) kallast leveringskvitteringar.
Viss du ikkje treng spesiefikke ord for kvar einskild type kvittering, så er lest-kvittering kanskje eit enkelt og greitt ord som ikkje treng ytterlegare forklaring overfor brukaren?