Karl Ove Hufthammer skreiv 19.10.2022 16:51:
Det er ikkje eit strengt skilje, men på norsk vert -ing gjerne brukt om prosessen, mens -sjon eller -ning vert brukt om resultatet av prosessen (jf. bygging og bygning, informering og informasjon, permutering og permutasjon). Så me vil skriva «installering av program», men «mappa inneheld ein programinstallasjon».
For å klargjera: Ein kan òg skriva «programinstallering» i staden for «installering av program». Men då er det altså snakk om *prosessen*, det at eit program vert installert. Men når me snakkar om resultatet av prosessen, vert det «programinstallasjon», «ein programinstallasjon» (akkurat som «ein kunstinstallasjon»).
Men i det eksempelet var «installering»/«installasjon» sisteledd i eit samansett ord. Når ordet er *førsteledd*, bør ein normalt bruka -sjon-varianten, altså «installasjons-». (Naturlege unntak er ord som ikkje har noko -sjon-form, som «parkeringsplass».)
Oppsummert:
Er ordet førsteledd, bruk -sjon. Er ordet sisteledd, bruk -ing, -ning, eller -sjon, avhengig av om det er snakk om ei handling (ein prosess) eller resultatet av handlinga (prosessen). Og viss ordet står i ordboka, bruk forma som er brukt der. :)