Lars Ivar Igesund:
Først, eg brukar Kubuntu, og er klar over at der er omsetjingsproblem der, men i dette spesifikke tilfellet trur eg kanskje det er kontekstkoplinga som er feil;
I Kubuntu 8.10, med KDE 4.1.2, i System settings -> tastar -> Snøggtastar
- dersom du lagar deg ein global snøggtast som inkluderar Space (td
Alt+Space), vert dette omsett til Alt+Verdsrommet ... I følge launchpad så er omsetjinga for Space (kontekst QAccel) "Mellomrom".
Omsettinga av «Space» vert ikkje henta frå kdelibs4.po, men frå kdeqt.po, med konteksten «QShortcut».
Alt ser rett ut hos meg (KDE 4 Trunk), so som vanlig er det nok ei feilomsetting i Launchpad. Det har *veldig* lite for seg å bruka Kubuntu eller Ubuntu dersom du ønskjer Linux på (rett/bra) norsk.
Og det har for øvrig ingenting for seg å melda frå her på lista om omsettingsfeil i KDE (eller andre program) viss du brukar ein av desse distroane.
Til slutt, slik at det ikkje er nokon tvil: Viss du brukar kva som helst annan distro enn Kubuntu eller Ubuntu, er dette absolutt rett plass å melda frå om omsettingsfeil, og me set stor pris på det.