Det har vore liten respons på dette innspelet, utanom frå Axel. Skal eg tolke dette til at dei fleste er samde i forslaga?
1. Auto Shrink Selection Krymp utvalet automatisk
2. (Clone:) Non-aligned (Klon frå) fast punkt
(Clone:) Aligned (Klon) relativt
(Clone:) Registered (Klon) direkte
3. Design Design (Lag ny)
4. Feather Edges Fjørkantar Axel: Myke kanter er da greit nok, det?
5. Key modifiers Modustastast Axel: Fellesordlista: modifikator key -s valgtast
6. Opacity Dekkevne
7. Pattern Mønsterelement
8. Sample Merged Markeringsfletting
9. Toolbox Verktøyskrin
Merknader til:
2: Dette er nokså spesielt. Må kjenne funksjonen i GIMP for å ha meining om ordvalet. Tykkjer sjølv at dei norske orda er meir konsise og lettare forståelege enn dei engelske.
3: Funksjonen blir brukt for å lage ein ny bane. «Lag ny» verkar OK for meg.
4: Når du t.d. markerer eit utval (jfr. tidlegare diskusjon), kan du velje å ha «mjuke» kantar, dvs. at kantane tonar ut gradvis til bakgrunnsfargen eller til gjennomsikt. Kant(ut)toning - tonekant? (Sidan dette er eit teikneprogram og ikkje musikkprogram, skulle det ikkje vere grunn til mistyding). Eller at funksjonen/innstillinga «Mjuke kantar» resulterer i ein «tonekant»? «Fjørkantar» verka framand til å begynne med, men nokså greitt nå når eg er van med det. (Kantane blir børsta med ei fuglefjør).
5: Val(g)tast høyrest ok ut? Går vi for det? Eg brukte «modustast» ut frå tankegangen om at verktøyet skifter modus nå tasten er i bruk. Oppdaga seinare at originalen bruker «Key modifiers» også i andre tilfelle. Difor er kanskje «valtast» meir dekkande?
7: I denne samanhengen ein figur som blir gjentatt for å lage eit mønster. (Tilsvarande rapport i tapet eller andre samansette mønster).
8: Finst ikkje i Fellesordlista som uttrykk. Derimot er «sampel» omsett der til «utvalg» og «merge» til «slå sammen, flette, fletting». Mange av funksjonane i GIMP hentar opplysningane sine frå det aktive laget i bildet. Dersom «Sample merge» er aktivisert, vil GIMP hente opplysningar frå alle laga i bildet, ikkje bare det synlege, aktive laget. Kan «flett synlege» vere eit alternativ til «markeringsfletting»?
Kolbjørn