Den 09.02.2024 21:45, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Leif Halvard Silli skreiv 08.02.2024 21:25:
Men Mac tillet oss å velja kva målform me vil som føredregen målform, irekna nynorsk. Iallfall tilett Mac oss å velja nynrosk. Om du då vel nynorsk som prioritert målform, skal programma opna seg med nynorsk grensesnitt med meir.
Android fylgjer ikkje dette prinsippet - iallfall ikkje for fleire enn det utvalet av målformer som dei støttar.
Android følgjer dette prinsippet, og dette har fungert heilt fint for nynorsk i *mange* år. Sjølv om sjølve Android-brukarflata ikkje er omsett til nynorsk, er det ein god del Android-appar som er det, og dei kjem automatisk opp på nynorsk.
Det høyrest ut som du hevdar at dette framleis fungerer. Eller ymtar du at det har slutta å fungera? At nynorskstøtta har vorte dårlegare?
Om du vil vita kvifor eg ikkje får det til, med Android 13: Det eg gjer, når eg prøver å få dette til, er at eg opnar «Innstillinger» (som appen heiter på bokmål) og så opnar eg «System» og so opnar eg «Språk og inndata» – og då er «Foretrukket språk» toppoverskrifta du får, med to punkt på menyen:
1. I undervalet «Språk» kan ein velja føretrekt språk for systemgrensensnittet. Frå før står det «Norsk bokmål» som fyrste val, og så kan ein trykkja på «Legg til et språk» for å fleire/andre språk». Men på i tilbodslista med språk ein kan velja, er «norsk nynorsk» ikkje å finna.
2. Det andre undervalet heiter «Språk i appen», som ser ut til å tilby cirka like mykje nynorsk som undervalet «Språk» (men kanskje må eg testa dette på ein app som eg er sikker på at __både__ har nynorsk grensesnitt innebygd __og__ som i tillegg støttar «Språk i appen», før eg kan seia noko sikkert om korleis dette fungerer.
Leif Halvard Silli